Kvifor har vi emnetillitsvalde?

Anders.Hove@stud.mf.no

Nestleiar/Fagleg leiar SR: Anders Hove

MF tilbyr kvart å år emne innan teologi, religion og samfunnsfag, og religion og pedagogikk. Kvart av desse emna har ein emneansvarleg som har ansvar for gjennomføring, oppsett av pensum, oppgåver og eksamen. Desse har også ansvar for at emnet blir evaluert.

I tillegg til dette pusher SR kvart semester på alle emneansvarlege for at så mange av emna som råd, gjerne alle, skal ha ein student som er emnetillitsvald. Kvifor gjer vi det? Tek ikkje emneansvarleg godt nok vare på emnet åleine?

Jo, som regel, men emnetillitsvald er der for studentane si skuld. Det er ikkje alltid like lett for alle studentar å ta kontakt med ein lærar, om det gjeld klage, spørsmål eller andre tilbakemeldingar. Det kan også i fleire tilfelle vere godt for emneansvarleg å ha ein student å halde seg til, som kan hjelpe med å få inn innspel frå studentane gjennom semesteret, for eksempel. Emnetillitsvald er ein mellommann/kvinne. Dette gjeld også inn mot SR og studiedekan. Her også kan emnetillitsvald vere ein kontaktperson. Gjennom emnetillitsvalde har SR kontakt ned på grasrotnivå i så mange emne som råd. Det er emnetillitsvalde som vel studentrepresentantar til avdelingsråd, emnetillitsvalde kjem også med forslag til kva emne som bør evaluerast, det er ei sak SR sine representantar i avd råda derfor må arbeide for.

Likevel ser vi at emnetillitsvalde si rolle kan, og bør bli viktigare. Det er dessverre ikkje i alle emne det blir gjennomført evaluering kvart. Dette kan vere fordi emneansvarleg gløymer det, eller meiner det ikkje trengst. Der skal SR i lag med emneansvarlege syte for at det likevel blir gjort. Aller helst skulle evaluering stått på timeplanen som ein del av siste time, eller gjerne litt før også. Kanskje trengst det evaluering av emnet midt i semesteret? Dette er noko emnetillitsvald kan prøve å få til, om det trengst, ved hjelp frå SR.

Dette er ikkje noko SR pusher på med fordi vi meiner undervisninga på emna MF tilbyr er for dårleg. Nei, men ein kan alltid bli betre! Det er dette studentar ønskjer, det er det SR ønskjer. MF skal helst til kvar tid tilby så gode emne som råd. Gjennom evaluering kan ein lære kva som fungerer bra, og kva som kan betrast.

Og no kan også studentane sjekke opp korleis emneansvarleg oppsummerer evalueringa, og kva moment frå evalueringa som derfor blir meld vidare til avdelingsråda. Denne sida på Fronter heiter «Kvalitet i utdanningen», gjennom å klikke på «endringslogg kvalitetssystemet» kjem ein inn på sida der tidlegare evalueringar ligg. Her kan studentar gå inn og sjekke kva det var evalueringa førte til, og om dei er einige i det emneansvarlege seier. Dersom dei ikkje er det kan dei kontakte studiedekan, eller fagleg leiar i SR. Her inne, på dette rommet vil også fleire evalueringar ligge, som studentar kan få innsyn i.

Denne sida gjer studentane på MF til ein endå viktigare del av kvalitetssikringa. Det løftar opp studentane si rolle som kontrollørar, og gjer kvalitetssystemet på MF meir gjennomsiktig, slik at studentar kan følgje med på kva som skjer, og kva evalueringar kan føre til.

Dette er noko fagleg leiar og SR er særs nøgde med, slik kan vi som studentar sjå at det nyttar! Vi ser at det vi gjer betyr noko. Det er viktig, og noko MF skal ha skryt for!

Derfor er det viktig at SR og emnetillitsvalde får ordna med evaluering av alle emne, så studentar kan sjå at det nyttar, og kvaliteten i emna på MF sikrast!

Legg igjen en kommentar

Filed under Fagleg arbeid

Revisjon av Cand.theol

Anders.Hove@stud.mf.no

Nestleiar/Fagleg leiar SR: Anders Hove

Det blir revisjon av cand.theol utdanninga på MF!

På sitt første møte vart komiteen einige om dette.  Men likevel er ein berre komme eit stykke på vegen, revisjonsarbeidet er i startfasa.

Komiteen vil ha to møter til før jul, og då vil både prosess og omfang bli klarare. Det vil også bli eit nytt arrangement over nyttår der ein vil ha revisjonen som tema, som vil vere opent for alle!

Har du nokon ynskjer om kva vi studentrepresentanar skal jobbe for? Kom gjerne med innspel, både om kva som er bra, og kva som kunne vert bedre slik cand.theol ser ut no.

Legg igjen en kommentar

Filed under Uncategorized

Boligkrisa – studentenes krise

Studentpolitisk ansvarlig Kristian Myhre

Studentpolitisk ansvarlig i SR: Kristian Myhre

De større norske byene, og i særdeleshet Oslo, har for få boliger i forhold til hvor mange mennesker som ønsker å bo der. Den umiddelbare konsekvensen er at prisene både for å leie og for å kjøpe bolig skyter i været. Det rammer selvsagt gruppen i befolkningen med lavest kjøpekraft, og midt i den gruppen finner vi – studentene – oss selv.

Studenters begrensede kjøpekraft er et viktig argument når Studentrådet, sammen med blant andre Norsk studentorganisasjon (NSO) og Velferdstinget i Oslo og Akershus (VT) jobber for å få flere studentboliger til byen vår. Med det nivået på studielån og stipend vi har i dag, er det forbeholdt de få å leie på det private markedet uten å måtte hente inn andre finansieringskilder, enten det er penger hjemmefra eller arbeid ved siden av studiene. Velferdstinget og NSO har i samarbeid med andre lansert kampanjen #boligkravet, med en egen nettside. Boligkravet består av tre punkter, som innebærer tilskudd til 3000 nye studentboliger i året over statsbudsjettet og bedre rammevilkår for studentsamskipnadene (som er byggherrer).

Men kan studentboliger gi positive ringvirkninger også utenfor studentmassen? Kan den for eksempel avhjelpe boligkrisen? Svaret er sannsynligvis ja. I dag er det private leiemarkedet i Oslo kraftig dominert av studenter, og mange leieboliger er av svært svak standard. Om man får bygd tilstrekkelig mange studentboliger vil det åpne det private leiemarkedet, slik at de som ønsker å leie kan gjøre det uten å oppleve at prisene presses til kunstig høye nivå. Da vil man ikke lenger være tvunget til å ta det man kan få, og de private utleierne blir nødt til å ta ansvar for å gjøre sine utleieboliger attraktive ved å tilby boliger av en skikkelig standard.

Et åpnere leiemarked og bedre studentøkonomi er bare to av de mange positive utfallene av en god studentboligpolitikk. Bedre akademiske resultater for den enkelte på grunn av økt fokus på studier kan være en annen konsekvens. Har vi som kunnskapsnasjon egentlig råd til ikke å bygge studentboliger?

2 kommentarer

Filed under Studentboliger, Studentpolitikk

Revisjon av cand.theol

Anders.Hove@stud.mf.no

Nestleiar/Fagleg leiar SR: Anders Hove

Det vart, som kjend, i februar i år diskutert på avdelingsråd for teologi (sak 07/13) eventuell utviding av spesialavhandling. I tillegg til dette er det ytra ønske om større valfridom i studieløpet for cand.theol. Av 360 er berre 10 poeng valfrie!

Det skal i haust nedsettast ein komité som skal bedømme om cand.theol utdanninga skal reviderast, og i kva grad den skal reviderast. Ein tredel av revisjonskomiteen skal bestå av studentar. I den samanheng vart, i tillegg til fagleg leiar Anders Hove, Marianne H. Brekken og Arnstein Hardang vald som studentrepresentantar i revisjonskomiteen på Studentrådsmøtet onsdag 28.08 (sak 113/13).

Komiteen skal i første omgong ha som mandat å legge fram forslag til omfang, premisser og arbeidsform for ein eventuell revisjon. 

Men det desse skal representere studentane på cand.theol i så stor grad som råd, derfor vil det også i haust bli invitert til minst ei samling der revisjon av cand.theol vil bli tatt opp. Her ønskjer SR at studentar på cand.theol skal få kome med sine innspel til kva ein kan forandre på utdanninga, eller om studentane tykkjer det er nødvendig med ein forandring.

Kva synest du? Treng ein opne opp for avhandling på 60 poeng? Treng ein større fridom? Er det noko fagfelt ein bør ha meir eller mindre av?

5 kommentarer

Filed under Revisjon cand.theol.

Større endringar på cand.theol.?

mliavaag@mac.com

Fagleg leiar emeritus: Mario Liavåg

Med jamne mellomrom blir profesjonsprogrammet i teologi, cand.theol., gjenstand for større endringar. I dag er berre 10 av 360 studiepoeng valfrie – på seks år (!). Studentar kan skrive 60 poengs spesialavhandling viss dei vil, men får berre 30 av dei godkjent. Er programmet modent for ein ny revisjon?

I februar diskuterte avdelingsråd for teologi eventuell utviding av spesialavhandling (sak 07/13). På ordinær ordning er det lagt inn 30-poengs spesialavhandling. Studentar kan søke om å få innvilga 60-poengs spesialavhandling, men får likevel berre 30-poengs spesialavhandling registrert på vitnemålet sitt.

Grunnar til at det blir søkt om utviding av spesialavhandling kan vere:

  • eit ønske om å skrive ei stor avhandling enten fordi 1) studenten ønsker å gjere eit empirisk arbeid eller 2) oppfattar at ei 60-poengs avhandling i større grad kvalifiserar til doktogradsstudiar/forskarkarriere enn ei ordinær avhandling
  • studenten nærmar seg slutten av avhandlingssemesteret og ser at oppgåva blir for omfangsrik til normalt å godkjennast innanfor ramma av ei 30-poengs spesialavhandling

Er det mogleg å opne opp for 60-poengs avhandling innanfor ramma av cand.theol. (360 stp) slik det er i dag? Ei slik ordning er å finne i programbeskrivelsen for cand.theol. på Teologisk Fakultet (UiO). Spørsmålet er om ein kan gjere dette på MF utan å endre heile eller store delar av programmet. Avdelingsrådet landa på at å opne for ei 60-poengs spesialavhandling forutset ein revisjon av programmet, noko som ikkje vart sett på som tilstrekkeleg som hovudbegrunnelse for å endre programmet. Studentrepresentantane ønska imidlertid også ei endring som opnar for større valfridom i programmet. Les videre

Legg igjen en kommentar

Filed under Revisjon cand.theol.

NY 481-blogg

Nestleder/faglig leder: Mario Liavåg

Avtroppande fagleg leiar: Mario Liavåg

FADDERVEKE, meiningsfylte arrangement, semesterfest, samfunnsfag, teologi, undervisningskvalitet, lesegrupper, studieteknikk, internasjonalisering, Norsk Studentorganisasjon, Kulturstyre, gratisprinsipp, studenthelseteneste, studiefinansiering, politisk debatt, studentbolig, rett til utdanning, forskningsfriheit…

VI er i gang med eit nytt semester og ønsker alle nye studentar velkomen til MF. Oppretting av denne bloggen er eit ønske om at den jamne MF-student får betre innsyn i kva som skjer i studentdemokratiet. Primært vil bloggen

Les videre

Legg igjen en kommentar

Filed under Uncategorized